- Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.
Temahelg øl og akevitt
8. april 2016 @ 16:00 - 10. april 2016 @ 15:00
Hendelse Navigasjon

Helga 8.-10. april inviterar vi på ei smakleg helg på Petrines! Her blir fleire lokale bryggeri, to direktørar og ein president 🙂
Fredag kveld tar vi kveldssete i bryggerkjellaren i fjellgarden Gjæra. Her sit vi rundt langborda, har varme frå bryggekjelen og trekker inn den gode lukta av einelåg. Her får du eit historisk innblikk i brygging før og no, av lokale bryggarar og Petter Nome, direktør i Bryggeriforeningen. Tråden blir trekt frå den tradisjonelle heimebrygginga, via dei store kommersielle bryggeria til mikrobryggeria som har skutt fart dei siste tiåra.
Laurdag kan du få med deg omvisning og lunsj på Husmannsplassen Sevrinbrauta i Eidsdal, omvisning og smaksprøver i gardsbryggeriet Tonga eit litt langt steinkast frå Petrines, og sjokolade&akevittsmaking med sjokolade frå Geiranger sjokolade i Peisestova.
Laurdag kveld serverer vi tre retter festmiddag med øl- og akevittmeny. Menyen får følgje av kunnskapsrike innslag frå president i Norske Akevitter Venner, Per Harald Grue og direktør i Kulturminnefondet, Simen Bjørgen. Utpå kvelden opnar vi puben og slepp inn bandet Clinton Experience frå Volda som spelar utover aprilnatta.
Vi legg ut program med tidspunkt om ikkje lenge.
Priseksempel per person i standard dobbeltrom:
Fredag kr. 1225,-
Laurdag kr. 1760,-
Andre prisar gjeld om du ikkje skal overnatte. Opplevingane laurdag formiddag har eigne prisar. Ta kontakt for meir informasjon 🙂 Det er begrensa med plass så påmelding skjer etter første-mann-til-mølla-prin