- Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.
Slåttedagar på Bjåen.
17. august 2013 - 18. august 2013
| GratisHendelse Navigasjon

17.-18. august.
Myrslått på Bjåen
Slått og fôrsanking i utmarka var tidlegare svært utbreidt på Agder. I Setesdal var det vanleg at slåtten i utmarka varde frå midt i juli til langt ut i september. Mesteparten av vinterfôret til buskapen på garden vart henta frå utslåttar og myrar i heia. Utallige høylass vart køyrd heim til garden kvar vinter.
Den tradisjonelle utmarksslåtten opphøyrde dei fleste stader rett etter krigen. På Bjåen heldt dei på med utmarksslått lengre enn dei fleste andre stader i Setesdal. Heilt inn på 60-talet vart myrane slege.
Urtene som veks mellom fjellbjørk, lyng og vier er eit fargerikt syn og er på same tid eit historisk dokument for tidlegare utnytting av utmarka. Her veks m.a. jåblom, småengkall, svarttopp, fjelltistel, skogstorkenebb, bjønnbrodd, fjellfrøstjerne og fjelløyentrøst. Desse artane fortel om tidlegare påverknad i form av slått og beite. Mange av desse utmarkslåttane er no i ferd med å gro att og miste mangfaldet sitt. Det er difor viktig å ta dei i hevd att.
Slåttedagane er ope for alle interesserte! Me ynskjer at det vert ei sosial samling av tradisjonsberarar, fagfolk og andre som har lyst til å vera med på å sjå og lære.
Bjåen Fjellstove og Bjåen fjellgard er arrangør.
PROGRAM
Laurdag 17.august: ARBEIDSDAG
Me startar slåtten laurdag. Det vert slege med ljå. Tak med nyste og ver med!
Slått frå kl. 8.00
Sondag 18.august:
STAKKEDAG og SLÅTTEGRAUT
Me held fram med å slå og byrjar å setje stakk. Det vert servert rjomegraut og spekemat. Velkomen!
Slått frå kl. 10.00
Slåttegraut kl. 14.00
Parkering ved Flottestøylen innmed Rv. 9, ca. 1 km frå Bjåen.