BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//HANEN - ECPv4.3.2//NONSGML v1.0//EN
CALSCALE:GREGORIAN
METHOD:PUBLISH
X-WR-CALNAME:HANEN
X-ORIGINAL-URL:https://medlem.hanen.no
X-WR-CALDESC:Events for HANEN
BEGIN:VEVENT
DTSTART;VALUE=DATE:20130817
DTEND;VALUE=DATE:20130818
DTSTAMP:20260418T163217
CREATED:20130627T213753Z
LAST-MODIFIED:20130627T213753Z
UID:691-1376697600-1376870399@medlem.hanen.no
SUMMARY:Slåttedagar på Bjåen.
DESCRIPTION:17.-18. august.\n\nMyrslått på Bjåen\n\nSlått og fôrsanking i utmarka var tidlegare svært utbreidt på Agder.  I Setesdal var det vanleg at slåtten i utmarka varde frå midt i juli til langt ut i september.  Mesteparten av vinterfôret til buskapen på garden vart henta frå utslåttar og myrar i heia. Utallige høylass vart køyrd heim til garden kvar vinter.\n\nDen tradisjonelle utmarksslåtten opphøyrde dei fleste stader rett etter krigen. På Bjåen heldt dei på med utmarksslått lengre enn dei fleste andre stader i Setesdal. Heilt inn på 60-talet vart myrane slege.\n\nUrtene som veks mellom fjellbjørk\, lyng og vier er eit fargerikt syn og er på same tid eit historisk dokument for tidlegare utnytting av utmarka. Her veks m.a. jåblom\, småengkall\, svarttopp\, fjelltistel\, skogstorkenebb\, bjønnbrodd\, fjellfrøstjerne og fjelløyentrøst. Desse artane fortel om tidlegare påverknad i form av slått og beite. Mange av desse utmarkslåttane er no i ferd med å gro att og miste mangfaldet sitt. Det er difor viktig å ta dei i hevd att.\n\nSlåttedagane er ope for alle interesserte! Me ynskjer at det vert ei sosial samling av tradisjonsberarar\, fagfolk og andre som har lyst til å vera med på å sjå og lære.\n\nBjåen Fjellstove og Bjåen fjellgard er arrangør.\n\nPROGRAM\n\nLaurdag 17.august: ARBEIDSDAG\n\nMe startar slåtten laurdag. Det vert slege med ljå. Tak med nyste og ver med!\n\nSlått frå kl. 8.00\n\nSondag 18.august: \n\nSTAKKEDAG og SLÅTTEGRAUT\n\nMe held fram med å slå og byrjar å setje stakk. Det vert servert rjomegraut og spekemat. Velkomen!\n\nSlått frå kl. 10.00\n\nSlåttegraut kl. 14.00\n\nParkering ved Flottestøylen innmed Rv. 9\, ca. 1 km frå Bjåen.
URL:https://medlem.hanen.no/arrangement/slattedagar-pa-bjaen/
LOCATION:Bjåen\, Hovden\, Bykle kommune\, 4755 \, Norge
GEO:59.5604493;7.3567043
X-APPLE-STRUCTURED-LOCATION;VALUE=URI;X-ADDRESS=Bjåen Hovden Bykle kommune 4755  Norge;X-APPLE-RADIUS=500;X-TITLE=Bjåen:geo:7.3567043,59.5604493
CATEGORIES:Aust-Agder
ATTACH;FMTTYPE=image/png:https://medlem.hanen.no/wp-content/uploads/2013/06/Papaljå.png
ORGANIZER;CN="Bj%C3%A5en%20Fjellstove":MAILTO:post@bjaen.no
END:VEVENT
END:VCALENDAR