- Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.
Matkursveka 2013
28. oktober 2013 - 31. oktober 2013
Hendelse Navigasjon

Dag 1. Steinomnsbakst med Else Sprossa Rønnevig kl. 09.00-16.00
Ver med og lær steinomnsbakst av Norges nr. 1 på området! Else Sprossa Rønnevig er ein forkjempar og eldsjel kva gjeld både bakst og restaurering av gamle bakaromnar. Sprossa vil legge vekt på faktorar som er viktig for å lykkas om ein ynskjer å ha dette som næring – samt grunnleggande teknikkar i sjølve bakeprosessen.
Dag 1 . Produksjon av spekepølse med Tom Chr. Johannessen fra Nofima kl. 11.00-17.00
Dette kurset gjev ei innføring i spekepølseproduksjon – frå råvare og fram til ferdig produkt. Kurset vil legge stor vekt på praktisk produksjon, i kombinasjon med føredrag og aktuelle diskusjonar rundt tema tilknytt den praktiske produksjonen.
Dag 2 . Steinomnsbakst held fram kl. 09.00-16.00
Produksjon av spekepølse held fram kl. 09.00-14.00
Dag 3 . Trygg Mat med Nofima og Mattilsynet. kl.09.00-16.00
Innføring i HACCP med Gro Haugvaldstad Kleiberg frå Nofima
Mattilsynet informerer om rapportering og øvrig regelverk det er viktig å kjenne til.
Dag 4. Kalkylekurs for lokalmatprodusenter med Matmerk kl. 09.00-16.00
med Frode Kristensen frå Matmerk og Viggo Johannessen frå Teknologisk Institutt
På kurset blir du meir kjend med dei viktige kalkylane. Du lærer blant anna korleis du skal kalkulere for få din rettmessige del av prisen og korleis du kan motstå pris- og rabattpresset frå grossistar, butikkar osv.
Dag 4 Komposisjon av lokalmat med Designkokken Britt Elisabeth Olsen kl. 09.00-15.00
Få med deg ein inspirerande dag med fokus på oppsett meny av lokalmat og storytelling.
Britt Elisabeth vil og fortelle litt om trendar og kva som rører seg på matfronten.
Pris
Pris pr. deltakar for 2-dagars kurs – kr. 1950,-
Pris pr. deltakar for 1 dags kurs – kr. 990,-
Samlepris for 4 kurs – kr. 2990,-