Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Internasjonal smedtevling og årets sommarfest

1. juli 2016 - 3. juli 2016

Me er så heldige å få tre internasjonale smedar på vitjing til Mjonøy i sommar. Dei skal blant anna smi eit unikt eksemplar av Vinjegeita. Smedane skal konkurere i utforminga av dei ulike delane på geita seg i mellom. Tilslutt vert alle delane sett saman til ei stor geit.

Countrybandet Løiten Twang Depot kjem att i år og spelar til dans fredag kveld.

Smedane som kjem er:

Finín Christie:
Finin kjem frå Irland og har arbeidd som smed i snart 36 år. Han starta læretida si ved den irske jernbanen. Etter kvart vart det tøffare tider i denne bransjen, og han måtte finne anna arbeid. I 1993 fann han likevel ein måte å kome tilbake til smedyrket på. Han bruka kunnskapen og evnene sine til å skape kunst innan smiing. På oppdrag frå the Dublin City Council – det største byrådet i Irland- starta han si eiga verksemd som offentleg smed. Ei verdsomspennande økonomisk krise gjorde til at også Finín si smie kjølna av. Han var ein av mange som leid tap av denne nedgangen i marknaden. Som smed brenn han verkeleg for faget sitt, så pågangsmotet er framleis sterkt! I sommar kjem han til Mjonøy for å dele kunnskapen og talentet sitt med andre. Du møter han på Mjonøy Blacksmith Challenge 2016!

Yaron Bob:
Dei fleste kunstsmedar ser stor glede i å finne ein bit med stål eller skrapmetall og forvandle det til noko nytt. Smed og kunstlærar Yaron Bob har ein heilt særskild måte å skaffe seg skrapmetall på: Han bur i Yates, ein liten israelsk kommune i nærleiken av grensa til Gazastripa. I dette området dett det ned hundrevis av Kassam-rakettar. Å lage kunst av dette er ikkje berre ein lidenskap, men også ei livserfaring! Yaron har sjølv hatt nærkontakt med desse dødelege våpna. Ein kan seie det slik at rakettane sådde ei frø til eitt av verka som Yaron er mest kjend for: Roses of Rockets (roser av rakettar).
Yaron sin kunst har havna hjå høgståande personar over heile verda. Han har på sin eigen måte fått status som verdskjend kunstnar. Heldigvis for oss kjem han til Vinje til sommaren, til Mjonøy Blacksmith Challenge!

Hylton Brian Rutherford:
Etter ei relativt kort karriere innan smiing, bestemde Hylton seg for å vie talentet sitt til å smi knivblad. Hylton er eit godt eksempel på kva som kan kome ut av tøffe miljø og vanskelege tider. Han vart fødd i Gwelo i tidlegare Rhodesia (som no heiter Zimbabwe) og vaks opp i nabolandet Sør-Afrika. Han utdanna seg innan reklamekunst og driv óg med oljemåling.

Den rasediskriminerande, politiske lovgjevinga hindra han derimot å utvikle verksemda si innanfor reklamekunst. Krava i lovgjevinga let seg ikkje etterkome, så han måtte legge ned i 2005. Men Hylton var altfor tett knytta til ambolten sin til å la seg knekke. Kunstnaren i han greidde å halde fokus. Det store talentet han vart omtala i magasinet «Popular Mechanics» i juni 2012 og i det lokale jakt- og friluftsmagasinet «SA Jagter».

Mange unike knivar har blitt smidd i hendene til Hylton og mange har fått laga sin eigen kniv på kurs hjå han. Hylton Rutherford kjem til Mjonøy for å vise oss kunnskapen han sit på innan smikunst. Hylton er ikkje nokon nykomar når det gjeld å demonstrere teknikkar og å undervise, så vel som å selje kunst på kunstmesser og utstillingar.
Er du heldig, blir du kanskje ein av dei som i år blir eigar av ein unik kniv, smidd av Hylton si afrikanske hand!

Meir info om programmet kjem seinare, men me håpar så mange som mulig tek turen innom Mjonøy denne helga.

Me sjåast:-D

Detaljer

Start:
1. juli 2016
Slutt:
3. juli 2016
Hendelse Kategori:
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/211117292589919/

Arrangør

Mjonøy
Telefon:
911 48 580
Epost:
mjonoy@gmail.com
Hjemmeside:
http://www.hanen.no/bedrift/312

Sted

Mjonøy
Vinje, 3890 + Google Map
Telefon:
911 48 580
Hjemmeside:
http://www.hanen.no/bedrift/312