BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//HANEN - ECPv4.3.2//NONSGML v1.0//EN
CALSCALE:GREGORIAN
METHOD:PUBLISH
X-WR-CALNAME:HANEN
X-ORIGINAL-URL:https://medlem.hanen.no
X-WR-CALDESC:Events for HANEN
BEGIN:VEVENT
DTSTART;VALUE=DATE:20160701
DTEND;VALUE=DATE:20160703
DTSTAMP:20260419T080718
CREATED:20160406T073857Z
LAST-MODIFIED:20160406T073857Z
UID:14440-1467331200-1467590399@medlem.hanen.no
SUMMARY:Internasjonal smedtevling og årets sommarfest
DESCRIPTION:Me er så heldige å få tre internasjonale smedar på vitjing til Mjonøy i sommar. Dei skal blant anna smi eit unikt eksemplar av Vinjegeita. Smedane skal konkurere i utforminga av dei ulike delane på geita seg i mellom. Tilslutt vert alle delane sett saman til ei stor geit.\n\nCountrybandet Løiten Twang Depot kjem att i år og spelar til dans fredag kveld.\n\nSmedane som kjem er:\n\nFinín Christie:\nFinin kjem frå Irland og har arbeidd som smed i snart 36 år. Han starta læretida si ved den irske jernbanen. Etter kvart vart det tøffare tider i denne bransjen\, og han måtte finne anna arbeid. I 1993 fann han likevel ein måte å kome tilbake til smedyrket på. Han bruka kunnskapen og evnene sine til å skape kunst innan smiing. På oppdrag frå the Dublin City Council - det største byrådet i Irland- starta han si eiga verksemd som offentleg smed. Ei verdsomspennande økonomisk krise gjorde til at også Finín si smie kjølna av. Han var ein av mange som leid tap av denne nedgangen i marknaden. Som smed brenn han verkeleg for faget sitt\, så pågangsmotet er framleis sterkt! I sommar kjem han til Mjonøy for å dele kunnskapen og talentet sitt med andre. Du møter han på Mjonøy Blacksmith Challenge 2016!\n\nYaron Bob:\nDei fleste kunstsmedar ser stor glede i å finne ein bit med stål eller skrapmetall og forvandle det til noko nytt. Smed og kunstlærar Yaron Bob har ein heilt særskild måte å skaffe seg skrapmetall på: Han bur i Yates\, ein liten israelsk kommune i nærleiken av grensa til Gazastripa. I dette området dett det ned hundrevis av Kassam-rakettar. Å lage kunst av dette er ikkje berre ein lidenskap\, men også ei livserfaring! Yaron har sjølv hatt nærkontakt med desse dødelege våpna. Ein kan seie det slik at rakettane sådde ei frø til eitt av verka som Yaron er mest kjend for: Roses of Rockets (roser av rakettar).\nYaron sin kunst har havna hjå høgståande personar over heile verda. Han har på sin eigen måte fått status som verdskjend kunstnar. Heldigvis for oss kjem han til Vinje til sommaren\, til Mjonøy Blacksmith Challenge!\n\nHylton Brian Rutherford:\nEtter ei relativt kort karriere innan smiing\, bestemde Hylton seg for å vie talentet sitt til å smi knivblad. Hylton er eit godt eksempel på kva som kan kome ut av tøffe miljø og vanskelege tider. Han vart fødd i Gwelo i tidlegare Rhodesia (som no heiter Zimbabwe) og vaks opp i nabolandet Sør-Afrika. Han utdanna seg innan reklamekunst og driv óg med oljemåling.\n\nDen rasediskriminerande\, politiske lovgjevinga hindra han derimot å utvikle verksemda si innanfor reklamekunst. Krava i lovgjevinga let seg ikkje etterkome\, så han måtte legge ned i 2005. Men Hylton var altfor tett knytta til ambolten sin til å la seg knekke. Kunstnaren i han greidde å halde fokus. Det store talentet han vart omtala i magasinet «Popular Mechanics» i juni 2012 og i det lokale jakt- og friluftsmagasinet «SA Jagter».\n\nMange unike knivar har blitt smidd i hendene til Hylton og mange har fått laga sin eigen kniv på kurs hjå han. Hylton Rutherford kjem til Mjonøy for å vise oss kunnskapen han sit på innan smikunst. Hylton er ikkje nokon nykomar når det gjeld å demonstrere teknikkar og å undervise\, så vel som å selje kunst på kunstmesser og utstillingar.\nEr du heldig\, blir du kanskje ein av dei som i år blir eigar av ein unik kniv\, smidd av Hylton si afrikanske hand!\n\nMeir info om programmet kjem seinare\, men me håpar så mange som mulig tek turen innom Mjonøy denne helga.\n\nMe sjåast:-D
URL:https://medlem.hanen.no/arrangement/internasjonal-smedtevling-og-arets-sommarfest/
LOCATION:Vinje\, 3890
GEO:59.6203772;7.8334235
CATEGORIES:Telemark
ATTACH;FMTTYPE=image/jpeg:https://medlem.hanen.no/wp-content/uploads/2016/04/12928285_865632763548128_7541401456906593516_n.jpg
ORGANIZER;CN="Mjon%C3%B8y":MAILTO:mjonoy@gmail.com
END:VEVENT
END:VCALENDAR