- Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.
Jubileumsfeiring med konsertar og dansefest
7. september 2019 @ 12:00 - 23:00
Hendelse Navigasjon

I 2019 er det 100 år sidan trekkspelaren Oddvar Nygaard vart født. Oddvar budde i Sør-Fron heile livet. Etter tidlege år som konsert-trekkspelar slo Oddvar i gjennom med eigen kvartett i 1960-åra. Oddvar Nygaards kvartett var noko nytt. Med fele, trekkspel, gitar og bass forma eit stilideal som held seg den dag i dag. Oddvar gav ut heile 24 LP’ar og vart tildelt den aller første Spellemannsprisen i 1973. Kvartetten spelte land og strand for stappfulle hus, og med masurkaen «50-Årsdagen» toppa dei VG-lista framfor legendariske The Beatles.
Kl 12.00 Opning ved Nygaard-relieffet i Sør-Fron sentrum
Kl 12.30 Spelmannskafé med filmframsyning, trekkspelmusikk og lansering av notesamling på kommunelokalet på Hundorp
Kl 15.00 Ope i Arne Vangens trekkspelmuseum
Frå kl 15.00 Spelmannspøbb med mat og musikk
Ein ettermiddag der vi byr på god servering og der spelmenn treffes til uhøgtidleg samspel i låvar og tun på Rudi Gard. Middag frå kl 15.00–18.00.
Kl 19.00 Jubileumskonsert
Oddvar stod for eit hundretals eigne komposisjonar i karakteristisk stil. Mange av desse blir å høyre her framført mellom anna av Sven Nyhus og Tore Løvgreen, Jo-Asgeir Lie, Sør-Fron Spelemannslag, Leif Inge Schjølberg og Svein Stensrud, Kvarts, Tom Willly Rustad, Fron Trekkspelklubb, Jon Faukstad, Mukampen Spelmannslag og Ole Ellefsæter.
Programleiarar er Ola Grøsland og Rasmus Stauri.
Billett kr 290,- inkludert dansefest
Kl 21.00– Dansefest på Nygaard-vis
Fest med stappfulle dansegolv og yrande folkeliv var Oddvar Nygaard si verd. Lokale og tilreisande spelmenn dreg opp til dans «så sveitten højar» i fleire etasjar Sør-Fron og Mukampen Spelmannslag, Fron trekkspelklubb, Helge Hysjulien, Aage Sogn og tilreisande spelmenn står for dansemusikken.
Arrangeres i samarbeid med Mukampen, Sør-Fron Spelemannslag og Fron Trekkspelklubb.