BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//HANEN - ECPv4.3.2//NONSGML v1.0//EN
CALSCALE:GREGORIAN
METHOD:PUBLISH
X-WR-CALNAME:HANEN
X-ORIGINAL-URL:https://medlem.hanen.no
X-WR-CALDESC:Events for HANEN
BEGIN:VEVENT
DTSTART;TZID=Europe/Oslo:20190907T120000
DTEND;TZID=Europe/Oslo:20190907T230000
DTSTAMP:20260417T175157
CREATED:20190906T103748Z
LAST-MODIFIED:20190906T103748Z
UID:24609-1567857600-1567897200@medlem.hanen.no
SUMMARY:Jubileumsfeiring med konsertar og dansefest
DESCRIPTION:I 2019 er det 100 år sidan trekkspelaren Oddvar Nygaard vart født. Oddvar budde i Sør-Fron heile livet. Etter tidlege år som konsert-trekkspelar slo Oddvar i gjennom med eigen kvartett i 1960-åra. Oddvar Nygaards kvartett var noko nytt. Med fele\, trekkspel\, gitar og bass forma eit stilideal som held seg den dag i dag. Oddvar gav ut heile 24 LP’ar og vart tildelt den aller første Spellemannsprisen i 1973. Kvartetten spelte land og strand for stappfulle hus\, og med masurkaen «50-Årsdagen» toppa dei VG-lista framfor legendariske The Beatles.\n\nKl 12.00 Opning ved Nygaard-relieffet i Sør-Fron sentrum\nKl 12.30 Spelmannskafé med filmframsyning\, trekkspelmusikk og lansering av notesamling på kommunelokalet på Hundorp\nKl 15.00 Ope i Arne Vangens trekkspelmuseum\nFrå kl 15.00 Spelmannspøbb med mat og musikk\nEin ettermiddag der vi byr på god servering og der spelmenn treffes til uhøgtidleg samspel i låvar og tun på Rudi Gard. Middag frå kl 15.00–18.00.\n\nKl 19.00 Jubileumskonsert\nOddvar stod for eit hundretals eigne komposisjonar i karakteristisk stil. Mange av desse blir å høyre her framført mellom anna av Sven Nyhus og Tore Løvgreen\, Jo-Asgeir Lie\, Sør-Fron Spelemannslag\, Leif Inge Schjølberg og Svein Stensrud\, Kvarts\, Tom Willly Rustad\, Fron Trekkspelklubb\, Jon Faukstad\, Mukampen Spelmannslag og Ole Ellefsæter.\n\nProgramleiarar er Ola Grøsland og Rasmus Stauri.\nBillett kr 290\,- inkludert dansefest\n\nKl 21.00– Dansefest på Nygaard-vis\nFest med stappfulle dansegolv og yrande folkeliv var Oddvar Nygaard si verd. Lokale og tilreisande spelmenn dreg opp til dans «så sveitten højar» i fleire etasjar Sør-Fron og Mukampen Spelmannslag\, Fron trekkspelklubb\, Helge Hysjulien\, Aage Sogn og tilreisande spelmenn står for dansemusikken.\n\nArrangeres i samarbeid med Mukampen\, Sør-Fron Spelemannslag og Fron Trekkspelklubb.
URL:https://medlem.hanen.no/arrangement/jubileumsfeiring-med-konsertar-og-dansefest/
LOCATION:Øvre Rudi\, Sør-Fron\, 2647\, Norge
GEO:61.4797868;9.9273755
X-APPLE-STRUCTURED-LOCATION;VALUE=URI;X-ADDRESS=Øvre Rudi Sør-Fron 2647 Norge;X-APPLE-RADIUS=500;X-TITLE=Øvre Rudi:geo:9.9273755,61.4797868
ATTACH;FMTTYPE=image/jpeg:https://medlem.hanen.no/wp-content/uploads/2019/09/dansefest.jpg
ORGANIZER;CN="Rudi%20Gard":MAILTO:oystein@rudigard.no
END:VEVENT
END:VCALENDAR