- Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.
Eksklusiv teaterframsyning av «Dødsdansen» på Hjelle Hotel
8. oktober 2015
Hendelse Navigasjon

Ønskjer du ei Teateroppleving utanom det vanlige? Då skal du setje av torsdag 8. oktober 2015!
Dette er sett opp av Sogn og Fjordane Teater, som vil vise dette stykke på nokon utvalde hotell i fylket.
Dødsdansen av August Strindberg blei skrive i 1900, og stykket er like aktuelt i dag. Kjærleik går aldri av moten, det gjer heller ikkje hat.
Handlinga føregår i heimen til eit ektepar, som vi godt kan seie er kvarandre sine fangevaktarar. I 25 år har ekteparet hatt som hobby å plage kvarandre, for ikkje å bli galne av keisemd. Sidan dei bur svært isolert til, er dei gjensidig avhengige av kvarandre sitt selskap. Når ein felles barndoms- og ungdomsven dukkar opp, kjem òg alt kjærleikshatet til overflata. Gjestens besøk utløyser ei katastrofe, men når slaget er ferdig utkjempa vil dei heller leve saman, framfor å ta i mot sjansen dei får til å bryte med kvarandre og det livet dei lever.
Dødsdansen er eit trekantdrama som handlar om forholdet mellom mannen og kvinna. Den evige kampen, den evige dødsdansen, som sannsynlegvis har pågått så lenge menneske har eksistert. Men så lenge ein fortset å kjempe og slåss, og ikkje minst danse – så er det håp.
Inkludert i billetten er ein 3-retters middag, som inngår også i framvisinga. Om du ønskjer kan du også kombinere dette med eit opphald på eit romantikkrom.
Prisar:
- Billett og 3-retters middag: kr. 900 per pers.
- Billett + Middag + Overnatting + Frukost:
- Romantikkrom med bad og balkong: kr 1800 per pers. (når to på rommet)
- Romantikkrom med dusj og WC: kr 1550 per pers. (når to på rommet)
- Enkeltromstillegg kr 285
- Send bestilling på epost til hotel(a)hjelle.com eller ring 57872750 (det er begrensa plassar)