OPNINGSTIDER: Laurdagar og sundagar (fire helger) 26.9. – 18.10. kl 12 – 17.

Dobbel separatutstilling i Galleri Hagalid:
Til Haustustillinga er me så heldige å få bildekunstnar Ingunn Fyllingen, Stavanger til å stilla ut nye maleri og grafikk i 1. etasje i Sofiehuset. Ho er etterkvart ein velkjent bildekunstnar i vårt fylke, og har sin særprega lette stil med reint abstrakte motiv samt halvfigurative landskap.

I tillegg stiller keramikar Øyvind Tingleff, Ringerike ut nytt i keramikk, mest skulpturelle arbeide i 2. etasje. Øyvind har vore trufast med i Galleri Hagalid sidan 2014 og har fått ein tilhengarskare for sine artige dyreskulpturar som kan stå, henga frå tak og på vegg. I tillegg viser han klassisk brukskeramikk som krukker, mugger, bord- og veggfat og krus.

Opninga laurdag 26.9. kl 12 – påmelding:
Opninga blir utfrå smittevernomsyn og små rom i Sofiehuset gjort med separate kunstnar-dialogar:
Ingunn og Øyvind får kvar sine rom i 1. etasje i Sofiehuset kor grupper av gjester , maks 8 personar kan ha ein gruppesamtale om kunsten og deira virke i eit fast tidsrom. Sjekk nettsida hagalid.net eller facebook for påmeldingsinformasjon til dette.

Elles er galleriet ope fram til kl 17, men med restriksjonar på kor mange som kan vera inne på ein gong. Kom difor gjerne tidleg i opningstida, eller seint.

Kollektiv Sommarutstillinga med kafe. Utstillinga går heilt fram til 30.8.
Heile juli t.o.m. sundag 16. august: torsdag, fredag, laurdag, sundag. NB: Stengt 1. august.
August etter skulestart, 22. – 30.8. laurdagar og sundagar.
Sjekk hagalid.net for alle kunstnarane og kunsthandverkarane som er med! Både Sofiehuset og Eldhuset er proppfullt av bilde, keramikk, blåst glas, smykke, klede, trearbeide, vesker, kunstlys.