Etter eit halvt århundre i musikkbransjen står Bjørn Eidsvåg som ein bauta i norsk musikkliv. Han spelar omlag 80 konserter kvart einaste år, i alle landets kriker og kroker. I 2024 fylte Bjørn 70 år i eit fullsatt Oslo Spektrum, og han har siste året spelt for fulle hus over heile landet med jubileumsturnéen «Ingen vei tilbake».
Sjølv etter ei lang og solid karriere er Bjørn stadig aktuell og evner å fornye sitt musikkuttrykk. I 2023 var han å sjå i TV2-programmet «Hver gang vi møtes», og hans program hadde sjåarrekord og vart den mest sette episoden i historia til programmet.
Etter programmet entra fleire av Bjørns tolkninger topplisten over dei mest populære låtane på Spotify i Norge.

Baroniet Rosendal – Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Konsert i Riddersalen, slik gjer du:

  • Velg billettype
  • Velg om du vil sitte på galleriet eller parketten
  • Klikk på dei sitteplassane du ønsker, og spesifiser kva type billett dei er.