Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Vårutstilling med kafe 20.3. – 11.4. 2021, Galleri Hagalid

mars 20 @ 12:00 - april 11 @ 16:00

|Gjentakende Hendelse (Se alle)
An event every 1 week(s) on søndag that lasts 22 day(s) and 4 hour(s), the last of which will begin on 11. April 2021
| Gratis

OPNINGSTIDER: Laurdagar og sundagar (fire helger) 20.3. – 11.4. samt onsdag t.o.m. fredag i påskeveka kl 12 – 16.
Pga smittevernet er det få personar som kan koma inn i dei to husa på ein gong, difor opnar me for visning på andre tidspunkt etter avtale.

Dobbel separatutstilling!
Me gler oss til ein fargerik vår når Åse Berit Skeie Ulltang frå Os kjem med sine collagar i koreansk papir og maleri i 1. etasje i Sofiehuset. Ho kallar sitt konsept Å ana. Hennar fargar er ofte klare og skarpe i gult, orange og grønt, men og avdempa fargar. Ho har ikkje stilt ut i Rogaland før.

Velkjente Beate Lund Kristiansen frå Trondheim er den andre utstillaren med ny, særprega keramikk. Beate har vore fast utstillar i galleriet sidan 2013, og hennar kunstklossar, skåler og boller er populære i Eldhuset. Ho har kalla utstillinga si Fokus og viser både store fat og bollar til vegg og bord samt lysestakar i Gamlesalen i 2. etasje i Sofiehuset.

Pga smittevernet er det ikkje ein samla opning 20.3., men Åse Berit Skeie Ulltang vil vera i galleriet.

Enkel kafe med himalaga mat, kraftig suppe laurdag og sundag.
Pga få bord både inne og ute gjeld Bordbestilling via SMS eller telefon. Dette må i god tid på førehand for kafeen. NB: Bestillinga med tidspunkt, antal og kohort må stadfestast for å gjelda.
På populære dagar vil det bli bordsete til faste tidsrom.

Detaljer

Start:
mars 20 @ 12:00
Slutt:
april 11 @ 16:00
Kostnad:
Gratis
Hendelse Kategori:
Hendelse Tags:
, ,
Hjemmeside:
http://www.hagalid.net

Arrangør

Galleri Hagalid
Telefon:
98219973
Epost:
hanne@hagalid.net
Hjemmeside:
www.hagalid.net

Sted

Galleri Hagalid
Hagalidvegen 461
HJELMELAND, Rogaland 4130 Norge
+ Google Map
Telefon:
98219973
Hjemmeside:
www.hagalid.net