- Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.
Ungt meistermøte
16. februar 2014 @ 18:00 - 22:00
Hendelse Navigasjon

Fem klassevinnarar frå landskappleiken 2013
I samband med 20-års jubileum for gjenoppstartinga av gjesteverksemda på Sygard Grytting til OL i 1994 inviterar vertskapet inn til intimkonsert med nokre av dei fremste folkemusikkungdommar i landet.
Dei fem musikarane går alle på folkemusikklina på Vinstra og vann kvar si juniorklasse på landskappleiken på Røros sist sommar. Det er heilt unikt at alle instrumental- og vokalklassane i fjor vart vunne av elevar frå ein og same skule.
Dei fem er; Helga Myhr på hardingfele frå Ål, Anne Nilssen på klarinett frå Løten, Amund Grytting på torader frå Sør-Fron, Rasmus Kjorstad på fele frå Sør-Fron og Mari Midtli på vokal frå Sel. Denne instrument- og tradisjonssamansettinga vil gje tilhøyrarane eit svært variert og spanande program i stover som står til musikken. Etter konserten vert det kaffe med noko attåt og verten held omvisning i husa på garden.
Sygard Grytting har ein losjitradisjon som går 700 år attende. Gjenoppstartinga til OL på Lillehammer er den fjerde kjente periode. I dette høve vil vertskapet markera det med diverse hendingar gjennom året. Dette er den fyrste, og kva passar vel betre i dei gamle trehusa enn ungdom som førar tradisjonar vidare?
Konsert: 190kr (student/barn 150kr)
Kaffe, biteti & omvisning: Gratis