Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Påskequiz på vingarden Hebnes

mars 27 @ 18:30 - 23:55

| NOK290

Bli med på quiz i vineriet på Hebnes onsdag 27. mars 2024. Dette er kvelden for deg med rimeleg bra konkurranseinstinkt, god sjølvtillit og lagånd, og som likevel kan tapa med (relativt grei) stil. Uansett er me alle vinnarar – alltid!

Det er første gongen me arrangerar quiz i vineriet, og me håpar du og laget ditt vil vera med oss på denne spennande førstereisa.

Meld på laget ditt i dag: Bindande påmelding til booking@hebnesvingard.no eller 98221410.

Det er bindande påmelding, me har plass til 8 lag – så her er det altså førstemann til mølla som gjeld!

  • Aldersgrense: 18 år
  • Lag: Min. 3, maks 6 personar.
  • Frist for påmelding: 20. mars 2024.

Program for kvelden, påske-quiz på Hebnes:

  • 18.30 Vineriet opnar
  • 19.00 Matservering
  • 20.00 Quiz, 3 omgangar
  • Open bar frå 18.30 til 23.30. Lokalet stenger 24.00.

Pris: 290,- inkluderer mat og kaffe/te.

Premie: Vinnarlaget får gåvekort frå vingarden, eitt til kvar

Meld på laget ditt i dag: Bindande påmelding til booking@hebnesvingard.no eller 98221410.

Mat og drikke: Me serverer lekker Ryfylke-tapas frå Torflåt gard, med friskt vatn, kaffe og te inkludert. Du kan kjøpe lokal drikke hjå oss, både vår eigen og andre lokale produkt. I kveld vil du garantert finne lokale smakar frå Matskattar frå Suldal og heile Ryfylke.

Gå ikkje glipp av denne hendinga med quiz, lokal mat og ein perfekt anledning til å samle vener og familie for ein hyggeleg kveld med konkurranse og moro. Tema for quizen: Utan å gå for hardt ut kan me i alle fall nemna mat, musikk, seriar og aktuelt frå siste nyhende. Nokre overraskingar blir det garantert.

Detaljer

Dato:
mars 27
Tid
18:30 - 23:55
Kostnad:
NOK290
Hendelse Kategori:
Hjemmeside:
https://www.hebnesvingard.no/quiz/

Sted

Hebnes vingard
Vardnesvegen
Hebnes, 4235 Norge
Telefon:
95969809
Hjemmeside:
https://www.hebnesvingard.no