- Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.
«Musikalsk reise til Amerika»
2. oktober 2020 @ 08:00 - 17:00
Hendelse Navigasjon

Me minner om intimkonserten & festmiddagen som me skal ha her på Store Ringheim om 2 veker, altså fredag 25. september!
Me inviterer til ein heilaftan utan sidestykke med ein 3-rettars festmiddag og ei unik musikalsk reise til Amerika med trioen; Helge Jordal,
Berit Håpoldøy / Berith & Lars Hammersland! Med musikk, historiar og songar knytt opp rundt norsk utvandring og sjøfartshistorie skal dei underhalda oss denne kvelden! 
Frå kjøkenet vil det verta diska opp med ein spanande 3-rettar, laga frå botnen av det beste av kortreiste- og ureiste råvarer! Rustikk & smakfullt! 
Dette vert kjempekjekt!! 

• Me opnar dørene rundt kl.16.00 • Festmiddag vert servert kl. 17.00 • Konserten startar kl.19.30, presis. •
Prisar: 
• Intimkonsert, kr. 250,- pr.person
• Intimkonsert & festmiddag, kr. 790,- pr.person
• Intimkonsert, festmiddag & overnatting, frå kr. 1.790,- pr.person i dobbeltrom.
Billettar kjøper du enten via www.ticketco.no eller direkte hjå oss;
e: booking@storeringheim.no • t: 954 06 135
Nb! 
Grunna dagens situasjon ith smitte og restriksjonar, så har me kun 50 stk billettar til dette arrangementet.
Det vil sei at prinsippet «fyrste mann/dame til mølla» gjeld.
Velkomen til Store Ringheim!! 