- Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.
Julekonsert og 4 retters middag med Linda og Frode
4. desember 2020 @ 18:30
Hendelse Navigasjon

Linda Fosse er ein allsidig songar og skodespelar frå Osterøy utanfor Bergen som med si klokkeklare, vakre og kraftfulla røyst rører deg ved sjela. Ho har ei eineståande utstråling og formidlar songar og tekstar på ein måte som løftar, underheldt og inspirerar deg.
Linda er Noregs første vinnar av Medaasprisen. Denne prisen vert årleg tildelt ein utøvande kunstnar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Prisen har seinare m.a. gått til artistar som Herborg Kråkevik, Jon EIkemo, Odd Nordstoga, Kari Bremnes.
Linda hadde hovudrolla som «Anna Regina» då musikalen «Which Witch» vart sett opp på Håkonshaugen i Nordhordland sumaren 2007. Der delte Linda scene med Torstein, Rein Alexander, Elisabeth Moberg m.fl.
Linda har ein lidenskap for å inspirera sitt publikum til å våga følgja sin eigen draum og i 2021 står ho på hovudscena i Grieghallen for å gjera nettopp dette sjølv, med si eiga konsertforestilling «Kortid, visst ikkje no?».

Linda har ei varm røyst og vert skildra som ein kryssning mellom Herborg Kråkevik og Barbra Steissand med eit hint av Sissel Kyrkjebø og Edit Piaf.
«Du har ei unik utstråling og du er tilstades med heile deg når du opptrer. Det at du skaper nærkontakt med ditt publikum og set pris på dei enten det er eit stort arrangement med mange eller det er på sjukeheimen betyr ingenting – du er der for oss. Du er svært dyktig Linda Fosse – me
Frode Skag Storheim er utdanna klassisk pianist med master frå Griegakademiet i Bergen.
Trass i ei klassisk skulering er Frode ein særs allsidig utøvar.
Han er ein begeistra formidlar med humor og glimt i auga som meistrar det meste frå besifringsspill og improvisasjon til dei store klassiske verk.
Han er og mykje brukt som konfransier og konsertforedragshaldar. Frode har spela med Linda sidan 2007 og på julekonserten 4. desember kan du forventa deg ei innhaldsrik og variert konsertoppleving som er herskapelege Haaheim Gaard verdig.
Julekonsert og 4 retters middag kr 795.
Konsert starter 1830!