- Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.
Joleølsmaking
13. november 2015 @ 19:00 - 22:00
Hendelse Navigasjon

Tradisjonen tru blir det Joleølsmaking på Nutheim i år også. Like sikkert som det kjem joleøl, kjem avisenes joleøltestar. Der skal testas ein stad mellom 50 og 75 ulike joleøl, så testpanela må ha tunga rett i munnen, bokstavleg tala. Vi rekk heilt sikker ikkje å smake på alle dei, men vi satsar i staden på å smake på nokre utvalde, og diskutere kva slags øl vi trur vil smake best til kva. Nyttig lærdom å ta med seg før innkjøpa skal gjerast. Deretter kårar vi Telemarks best lika joleøl og ikkje minst kveldens beste joleølsmakar.Nytt av året er at vi sett opp vandrepokal til vinnaren. Gammalt av året er at det sjølvsagt også i år, blir et noko utradisjonelt pøsemåltid på menyen. Vi lovar en velsmakande og underhaldande kveld. Velkommen!
Cover: 200,-
Påmelding: 35 05 21 43
Testen blir profesjonelt gjennomført. Blindsmakninga er leia av ølekspert Alf Kramer, tidligare leier i Pilsens Venner.