BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//HANEN - ECPv4.3.2//NONSGML v1.0//EN
CALSCALE:GREGORIAN
METHOD:PUBLISH
X-WR-CALNAME:HANEN
X-ORIGINAL-URL:https://medlem.hanen.no
X-WR-CALDESC:Events for HANEN
BEGIN:VEVENT
DTSTART;TZID=Europe/Oslo:20241130T150000
DTEND;TZID=Europe/Oslo:20241130T150000
DTSTAMP:20260418T083820
CREATED:20241127T155753Z
LAST-MODIFIED:20241127T155753Z
UID:42276-1732978800-1732978800@medlem.hanen.no
SUMMARY:Jol på Sølvgården
DESCRIPTION:Sølvgarden\, i samarbeid med Rysstad i Vekst\, inviterer til ein stemningsfull ettermiddag fylt med kjekke aktivitetar for heile familien!\n\nDette blir ein perfekt måte å kome i førjolsstemning på\, sjølv om det i år ikkje vert jolemarknad slik som me er vande med. I staden byr me på ein innhaldsrik dag med mykje moro og spanande opplevingar for både store og små!\n\n\nProgrammet startar kl. 15\, og me har satt saman ei rekke aktivitetar som garantert vil skape glede og engasjement:\nLeikarringen: Det vert opningskonsert med Leikarringen kl 15.00!\nOpning av Pepperkakeby: Offisiell opning ved Ordførar Lars Tarald Myrum!\nRebusløp med premiar: Test kunnskapen og konkurranseinstinktet med eit spennande rebusløp. Her kan heile familien vere med og det blir premie til barna!\nHest & kjerre: Ta ein nostalgisk tur med hest og kjerre\, og kom i jolestemning med lyden av hovslag.\nJolelenkekonkurranse: Kven kan lage den lengste jolelenka? Her blir det kreativitet og godt humør i fokus medan me saman skapar flott julepynt.\nOpen dag på RysstadSylv – Prøv deg som sylvsmed!: Dette er ei unik moglegheit til å lære om det tradisjonsrike sylvsmedhandverket. Kven veit – kanskje du oppdagar eit nytt yrke?\nFørjolsbuffet i restauranten: Kos dykk med ein herleg førjolsbuffet\, perfekt for å få opp appetitten mellom aktivitetane. Me har også ein eigen barnebuffet.\nNissen kjem! Kva er vel førjolstid utan nissen? Me har høyrt rykte om at han kjem til å stikke innom\, og kanskje har han med seg ei lita overrasking til dei minste?\nKonsert med Hallvardson med Band: Vidar Frøysnes tek med seg band og speler opp i Riddersalen kl 22.00. Forhånddsal av billettar.\nDette er ein dag fylt med aktivitetar som heile familien kan glede seg til. Ta med deg familien\, venner og godt humør – så ordnar me resten. Me gler oss til å sjå deg på Sølvgarden denne ettermiddagen!
URL:https://medlem.hanen.no/arrangement/jol-pa-solvgarden/
LOCATION:Hemsedalsvegen 27\, Gol\, Gol\, 3550 \, Norge
CATEGORIES:Buskerud
ATTACH;FMTTYPE=image/jpeg:https://medlem.hanen.no/wp-content/uploads/2024/11/Saelvgarden-e1732723059663.jpg
END:VEVENT
END:VCALENDAR