Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Heilaftan med Strandatapas og Sidersmaking – ei unik smaksoppleving i hjartet av matbygda Stranda

2. august 2024 @ 19:00 - 22:00

| NOK975
I sommar inviterer vi nok ein gong til ei spanande smaksoppleving på Skinkerådhuset, det staselege huset midt i Stranda sentrum. Kom og smak på Stranda! Du får servert fem tapasrettar laga med dei beste skinkene frå Stranda og Tind, og handverksostar frå Skarbø Gard, akkompagnert av andre lokale matskattar. Den siste retten er ein dessert – for ei søt finale. Til kvar tapas kjem ein ny sider frå Sunnmøre sitt første sideri på Skarbø. Dei som ynskjer det, kan alternativt smake seg gjennom ei rekkje sortsreine eplemostar.
Vi guidar deg gjennom smakane, og deler dei unike historiene bak produkta. Det vert ein garantert triveleg kveld ved langbordet i Stranda si finstove. Velbekomme!
Du kan vere med kvar fredag fram til 9. august, og billettar får du på Tikkio: https://tikkio.com/organizer/5324- Om de er fleire, kan de også tinge direkte på epost til post@skarbogard.no

Detaljer

Dato:
2. august 2024
Tid
19:00 - 22:00
Kostnad:
NOK975
Hjemmeside:
https://tikkio.com/organizer/5324-

Sted

Skinkerådhuset
Storgata 4
Stranda, 6200 Norge
Telefon:
90781881
Hjemmeside:
www.skarbogard.no

Arrangør

Skarbø Gard
Telefon:
90781881 / 90820469
Epost:
post@skarbogard.no
Hjemmeside:
https://skarbogard.no/