Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Gunnhild Øyehaug: Presens Maskin

2. april 2019 @ 19:00 - 20:30

I sin tredje roman kastar Gunnhild Øyehaug romanfigurane sine inn i nye dimensjonar. Tysdag 2. april snakkar ho med journalist og forfattar Bjørn Vatne i Aasen-tunet.

Programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet meiner publikum har mykje å glede seg til når forfattaren møter Bjørn Vatne til samtale i april.
– Gunnhild Øyehaug er ein fantastisk forfattar, og med «Presens Maskin» har ho skrive nok ei fascinerande og artig bok. Eg gleder meg til å høyre henne fortelje om korleis ho blei til, seier Opsvik.

I boka får vi høyre om Anna og Laura, mor og dotter, som lever i parallelle univers. Dei veit ikkje om kvarandre, og i liva til begge er det noko som ikkje stemmer. «Presens Maskin» er ein kjærleiksroman om livets ubotelege einsemd. Om uante konsekvensar av feillesingar, om fåkunne og undring, om merkelege lys på himmelen, strandsniper, barn, språkets indre, uforståelege pianostykke, og ikkje minst om menneske i relasjon til andre menneske. Øyehaug har hovudsakleg lagt handlinga til Bergen og Volda, og ein konsert i det ærverdige Kaarstadhuset på Høgskulen i Volda har ein sentral plass i romanen.

Detaljer

Dato:
2. april 2019
Tid
19:00 - 20:30
Hjemmeside:
https://pay.ebillett.no/velg_antall.php?p_id=1157&arrnr=5731974

Arrangør

Ivar Aasen – tunet
Telefon:
70 04 75 70
Hjemmeside:
http://www.aasentunet.no

Sted

Ivar Aasen – tunet
Indrehovdevegen 176
Hovdebygda, 6160
+ Google Map
Telefon:
70 04 75 70
Hjemmeside:
http://www.aasentunet.no