- Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.
«Gjensyn» med Oddgeir Bruaset
2. februar 2023 @ 19:00 - 20:30
| NOK180Hendelse Navigasjon

Eitt spørsmål får Oddgeir Bruaset igjen og igjen. Korleis gjekk det med menneska i serien? Denne kvelden byr på eit hjarteleg gjensyn. NRK-serie «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er ein av dei mest populære tv-seriane i Noreg gjennom tidene.
Oddgeir Bruaset skapte programmet, og i tolv år var han programleiar for serien. Han reiste Noreg rundt og besøkte dei som budde på dei brattaste, mest uframkommelege stadene i landet vårt. Han møtte menneske som levde tett på naturen, mange under svært enkle kår.
På denne kvelden får vi eit gjensyn med menneska som var portretterte av Bruaset. Korleis har det gått med desse? Bur dei framleis på staden, eller har dei flytta? Om mange av stadene er lik seg sjølv, har mykje endra seg i livet til dei som bur der.