Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Fauskivalen 2016

4. august 2016 - 7. august 2016

Velkomen til Fauskivalen 2016, Hemsedal 4 – 7 august!

Fauskivalen er møteplassen for rocka folkemusikk og folkeleg rock. Dette blir den sjuende Fauskivalen, og med denne festivalen vil over 70 band og 300 flotte musikarar ha levert flotte musikkopplevingar og topp festivalstemning.

Den sjangerblanda musikkmenyen når fram til eit breidt publikum. Noko for ein kvar smak, med ein viss risiko for å oppdage artistar og musikk ein ikkje visste at ein ville like. Lokale folkemusikar, 70-tals rock og 80-tals pop, sørstats cajun, viser, gamaldans, bokhjørne, foredrag og forteljartime. Og med fleire overraskingar på lur! Her er det rosinar i pølsa, nokk til ei heil julekake! Årets Låvekonsert med Sofia Karlsson blir eit høgdepunkt i Fauskivalen historia. Odd Nordstoga er betre enn nokon gong, med stadig utvikling på låtsida og med nytt kult og rocka band. Endeleg kjem Odd Nordstoga til Fausko Amfi, det blir stas!

Billettar blir selde på den nyopna billettportalen for Hallingdal, Hallingbillet.no Fauskivalen blir flytta to veker fram, og plasserer seg i festivalsesongen. Fauskivalen har gått frå haust til sommar arrangement. Med dette har me funne tida inne for utviding av programmet. Fauskivalen startar på torsdag 4 august med barne og familieprogram. Og sundag skipar soknerådet i Hemsedal til folkemusikkmesse på Amfiet. Me ynskjer at Fauskivalen skal ha eit tilbod for dei fleste, med musikken som bind det heile saman. Det er berre å glede seg.

Bestill billettar på Hallingdals nye billettportal www.hallingbillett.no

Torsdagspass 150,-
Fredagspass 350,-
Laurdagspass 675,-
Festivalpass torsdag – laurdag 900,-
Alle billettar: Under 18 år: Halv pris / Under 12 år: Gratis
Inkl. banket på Låven laurdag 06.08. (200 plassar):
Laurdagspass m/bankett på Låven 1350,-
Festivalpass m/bankett på Låven 1575,-

FRIVILJUG PÅ FAUSKIVALEN?
For ei arbeidsøykt på 6 timar får du festivalpass. For interesserte, ta kontakt på knut@fausko.no / 93 00 13 20

Meir info på www.fausko.no / www.fauskivalen.no / www.hallingbillett.no Velkomen!

Beste helsing uss på Fausko

Astri og Knut

Detaljer

Start:
4. august 2016
Slutt:
7. august 2016
Hendelse Kategori:
Hjemmeside:
http://www.fauskivalen.no/

Arrangør

Fausko Skysstasjon
Epost:
knut@fausko.no
Hjemmeside:
www.fausko.no

Sted

Fausko Skysstasjon
Hemsedal, 3560 Norge + Google Map