Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Dyrsku`n

13. september 2013 - 15. september 2013

Dyrsku`n – Noregs største landsbruksutstilling!

Av og til held salsbodane nesten på å blåse bort. Men det er det same. Om det regner og bles , eller om sola varmar frå klar, blå himmel; Dyrsku i Seljord blir det kvart år.

Noregs største landbruksutstilling lokkar titusenvis av folk. Gode tilbod, nye produktlanseringar, husflid og handverk, godt utval av lokalmat, folkekultur og folkeliv, gjer at folk strøymer til år etter år. Dyrsku`n er den store årlege møteplassen for folk og fe! Her møtes alle, familie og vener, bønder og entreprenørar, hesteoppdretterar og handverkerar, handelsfolk og små og store produsentar. I snart 150 år har det kome kremmerar frå inn- og utland til den vesle bygda Seljord. Det starta i 1866 der Telemarkskua var sentral. Den vesle fine fjellkua vart vist fram, premiert og kanskje seld vidare, under den årlege kvegutstillinga på Dyrskuplassen. Snart kom andre handelsmenn til. Dyrsku`n vart ein møteplass og folkefest!

Lokalmat har fått stadig større plass på Dyrsku`n , og har eit eiga telt på Dyrskuplassen.  Hjå lokalmatprodusentane finn du alt du kan tenke deg av spesielle godsaker. Handle sekken full av ost, pølse, spekemat, sylte, saft, brød og sild. Dekk så tapasbordet når du kjem heim!

Velkommen til Dyrsku`n!

Detaljer

Start:
13. september 2013
Slutt:
15. september 2013
Hendelse Kategori:
Hjemmeside:
http://www.dyrskun.no/vis.php?kategori=program

Arrangør

Dyrsku`n Arrangement AS
Telefon:
35065770
Epost:
post@dyrskun.no
Hjemmeside:
www.dyrskun.no

Sted

Dyrskuplassen
Seljord Norge + Google Map