- Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.
Dei nynorske festspela 2014
26. juni 2014 - 29. juni 2014
Hendelse Navigasjon

Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen og Marcel Lelienhof
Onsdag 9. april kl. 10 lanserer Dei nynorske festspela årets program for presse og publikum. Programansvarleg Karine Munch lovar at festspeldiktar Agnes Ravatn og Aasmund og Odd Nordstoga får godt selskap siste helga i juni.
Dei nynorske festspela blir arrangert frå torsdag 26. juni til søndag 29. juni. I 2014 har grunnlovsjubileet inspirert festspelarrangøren til å velje makt som tema. – Publikum kan vente seg aktuelle debattar og nokre overraskande programpostar og arenaer, røper programansvarleg Karine Munch, som ser fram til å presentere årets festspelprogram. – Vi håper breidda i årets program fell i smak både for vårt trufaste publikum og for festivaldebutantar.
Det er allereie kjent at Agnes Ravatn er årets festspeldiktar og brørne Nordstoga skal halde ein unik konsert saman. Ørnulf Opdahl er festspelutstillar og rockebandet Kråkesølv spelar laurdagskvelden. Resten av programmet på over førti arrangement blir kjent onsdag 9. april.
Arrangementet er gratis og ope for alle. Tek du turen til Aasen-tunet onsdag, kan du sikre deg årets festspelskjorte og krus i butikken.
Kvart år er om lag femti personar med på å gjere Festspela til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. – Vi oppmodar eventuelle nye frivillige om å møte opp og få uforpliktande informasjon lanseringsdagen, avsluttar Munch.
DEI NYNORSKE FESTSPELA
• Ei årleg feiring av nynorsk skriftkultur i Ørsta og Volda siste veka i juni
• Kvart år gjestar om lag 6000 menneske denne festivalen
• Tema er ”Makt”, og festspeldiktar er Agnes Ravatn
• Festspelpass til 1350 kr garanterer plass til alle arrangement
• Billettsal frå og med onsdag 9. april på www.festspela.no og ebillett.no