Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Ope gard med utstilling, dyr og gardskafé – Rudi Gard

20. juli 2013 @ 12:00 - 16:00

|Gjentakende Hendelse (Se alle)
Daily until 10. August 2013
| Gratis

Servering av kaffe og takk-kaku, is og brus. Vi har fleir slags trivselsdyr på Rudi, og for ungar er det alltid gjevt å få helse på kopplam, kaniner eller dei tre heidersgrisane på garden. Gråtassen er fast på tunet, og er gjerne med på ein køyretur der små og store kan ta plass på tilhengaren. Kunstnarar som er representerte på Rudi sommaren 2013 er: Vegard Stalsberg, Per Rosenberg og Torill Sæther Krekke

Frå 20 juli: kunstutstilling med Svetlana Voronkova Svetlana Voronkova er utdanna ved St. Petersburgs Statlege Kunstindustri-Akademi, avdeling for billedkunst og bokgrafikk. Ho har sidan 1990 arbeidd med kunstneriske prosjekt og vitskapelege illustrasjonar både i Russland og i Norge. Svetlana har alltid vore fascinert av forfatterskapen til Henrik Ibsen, og særleg Peer Gynt. Ho oppfatter skodespelet som svært aktuelt og relevant for samtida. Utstillinga omfatter 7 oljemaleri og 11 tusjarbeid med tema frå «Peer Gynt og kvinnene». Kven er dei i hans liv, og kva gjer han og dei med sjela til kvarandre? Gratis inngang

Detaljer

Dato:
20. juli 2013
Tid
12:00 - 16:00
Kostnad:
Gratis
Hendelse Kategori:

Arrangør

Rudi Gard
Telefon:
+47 91 38 53 88
Epost:
oystein@rudigard.no
Hjemmeside:
http://rudigard.no/lnde-saker-mainmenu-68/billetter

Sted

Rudi Gard
Øvre Rudi
Sør-Fron, 2647 Norge