Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Bryggerikokkens bord

28. mai 2025 @ 18:00 - 22:00

Me dekker opp langbordet på lageret vårt, pussar bestikket og lagar ein heidundrande meny med det beste frå våren! Me garanterer god mat, gøtt drikke og øl i alle retter og til alle retter!
Du kan sikre deg ein plass rundt bordet, og ein kan komme åleine, eller med bror din, mor di, dama eller med kollegaen. De kan sitte attått kvarandre, rett ovenfor kvarandre eller på kvar dykkar ende.
Me lagar til minst 6 retter, også blir det sikkert eit par overraskelsesrettar, og om du vil ha alkoholfritt drikke vert det 1200 og elles 1500 kr per person.
Me stiller med ein kokk frå Vestsida i Bagn, ein bryggar frå Solsida i Vang og elles mat frå både aust- og vestsider og kanskje ein smak frå ei blomstereng eller ein skog du har vore i?  Espen fikser maten, Kristian fikser ølet og saman så skal dei klare å prate seg bort iløpet av kvelden!
Bestill plass på post@smaavesen.no eller ring oss på 47682708
Alle retter vil innehalde øl, og varierande mengde gluten, og me kan difor ikkje tilpasse menyen til å bli glutenfri. Me prøver å tilpasse til øvrige allergener.
Avbestillingsfrist 48 timer før arrangement, avbestilling etter dette vil fakturerast 500 kr per person.

Detaljer

Dato:
28. mai 2025
Tid
18:00 - 22:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/smaavesen

Arrangør

Småvesen
Telefon:
476 82 708
Epost:
post@smaavesen.no
Hjemmeside:
https://www.smaavesen.no/

Sted

Småvesen
Oslovegen 797
Anmarkrud, Aurdal
+ Google Map