Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Draumkvedet

januar 6 @ 18:00 - 23:00

Høyr Torhild Ostad synge Draumkvedet!
Konserten blir tradisjonen tru framført i Prestegardskapellet på Nutheim. Omgjevnadane og framføringa av det gamle kvadet fører deg på ei mytisk reise tilbake i tid.

Me ynskjer å lage ei heilskapleg oppleving så for dei som vil nyte kvelden til det fulle så serverer vi vår 4-rettars middag etter konserten, og om de ikkje vil kjøyre heim i vintermørket så står eit rom på gjestgiveriet klart og oppredd til dykk.
Kun konsert; Kr 350,-
Konsert med 4-rettars middag Kr 990,-
Konsert med 4-rettars middag, overnatting i dobbeltrom m/frukost Kr 1990 pr person og Kr 2700 i enkeltrom.
Påmelding til arrangementet ved å ringe oss på 97542705
De vil få eit vippsoppkrav på telefonen som billett.
Torhild Ostad er songar og kvedar, komponist, tekstforfattar og biletkunstnar, utdanna i folkemusikk og folkekunst på Høgskulen i Telemark, Rauland 1994–98, og Statens
Håndverk- og Kunstindustriskole (SHKSI, Oslo 1998–2001. Ho debuterte somsoloartist i 1996 med albumet «Blomar i moll» og har samarbeidd med ei rekkeartistar og forfattarar på konsertar og plate, m.a. Carsten Dahl, Sondre Bratland, Michael Wiehe, Annbjørg Lien, Lillebjørn Nilsen, Henrik Nordbrandt, Kjartan
Fløgstad, Herbjørg Wassmo, Cecilie Løveid. Ho har delteke i fleire radio- og fjernsynsproduksjonar.
I 2024 har ho m.a. spela inn eit album med eigne tekstar og komposisjonar i samarbeid med Carsten Dahl (DK), som også spelar på albumet saman med Arild Andersen på bass, med planlagd utgjeving i vinter.
Me gler oss til å høyre Torhild Ostads tolking av Draumkvedet!

Detaljer

Dato:
januar 6
Tid
18:00 - 23:00
Hendelse Kategori:
Hendelse Tags:
, , , , ,
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/1081569680290115

Arrangør

Nutheim Gjestgiveri
Telefon:
35 05 21 43
Epost:
nutheim@online.no
Hjemmeside:
http://www.nutheim.no/

Sted

Nutheim Gjestgiveri
Flatdalsvegen 1283
Flatdal, 3841
+ Google Map
Telefon:
35 05 21 43
Hjemmeside:
http://www.nutheim.no/