- Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.
Kjekjøtseminar i Norddal
28. april 2015 - 29. april 2015
Hendelse Navigasjon

Vi inviterer med dette til seminar og workshop om produksjon, foredling, marknadsføring og sal av kjekjøt.
Bakgrunn for seminaret:
Det er stadig fleire geitebønder som ynskjer å fore fram kje, men det er knytta mykje usikkerheit til lønsemda og marknaden for småkje. Det er likevel ein del entusiastiske geitebønder som har funne ein interessant marknad for kjekjøt. Vi har difor teke initiativet til eit kjekjøtseminar i Norddal. Her ynskjer vi å formidle desse erfaringane, og setje fokus på korleis ein kan nytte det fantastiske kjekjøtet på nye måtar. Seminaret er eit samarbeid mellom Fylkesmannnen i Møre og Romsdal, Stranda kommune, Norddal kommune og The Happy End-Norddal. Vel møtt!
Påmelding innan 10. april til:
Stranda Kommune, Næringsavdelinga:
Mob: 464 11 023 / inge.bjordal@stranda.kommune.no
Norddal Kommune, Fjordhagen:
Mob: 928 05 659 / post@fjordhagen.com
Prisar:
Dagpakke med lunsj: kr. 250,- pr. dag
Middag på Petrines Gjestgiveri: kr. 400,-
Overnatting i dobbeltrom: kr. 600,-
Overnatting i enkeltrom: kr. 900,-
Spørsmål om seminaret kan også rettast til Kirsti Indreeide via e-post: fmmrkiin@fylkesmannen.no