Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Cognacforedrag og smaking

16. oktober 2015 @ 19:00 - 20:30

Me har fått høve til å gje alle dykk som set pris på ein god cognac eit skikkeleg godt tilbod:)

Fredag 16.10. kjem sjølvaste Herve Bache Gabrielsen, oldebarnet til grunnleggjaren av Bache Gabrielsen merket i Cognac, til Store Ringheim i lag med dagleg leiar i Bache Gabrielsen Noreg, Jan Erik Hofsli, til Store Ringheim.

Her vil dei halda eit foredrag der dei presenterer Bache Gabrielsen i dag, historien bak og korleis det er å driva ein stor vingard med cognacproduksjon.

Kortversjon av historien kan ein finna her.

Seansen startar kl 19.00 og varar i ca 1,5t og inneheld i tillegg til foredraget også ein smaksprøve av 5 produkt frå midtre til øverste hylle. Eit «must» for alle med middels interesse og meir for ekta cognac frå eit av dei største familieeigde cognachusa i Frankrike.

Og det beste av alt er at heile greia ikkje kjem på meir enn kr 350,- mindre enn kva cognacen ville kosta i baren:) Men det er avgrensa med plassar så det kan vera lurt å vera snar i snuen og tinga på 95406135 eller booking@storeringheim.no

Detaljer

Dato:
16. oktober 2015
Tid
19:00 - 20:30
Hendelse Kategori:
Hjemmeside:
http://storeringheim.no/nyhende/cognacforedrag-og-smaking-bache-gabrielsen/

Arrangør

Store Ringheim
Telefon:
924 12 057
Hjemmeside:
http://www.storeringheim.no/

Sted

Store Ringheim
Mølstervegen 44
Voss , 5705
+ Google Map
Telefon:
924 12 057
Hjemmeside:
http://www.storeringheim.no/